- Kvifor tror dykk at dei kurdiske mennene i boka er skeptiske til norske menn?
I boka eg les er hovudpersonen Kaniaw lova bort til ein kurdisk mann. Kaniaw vil ikkje gifte seg med denne mannen, fordi ho er forelska i, og har eit forhold til ein norsk mann. Dette anse faren og brørne hennar som uakseptabelt, fordi i følje deira tradisjonar skal dottera gifte seg med ein mann som kjem familien hennar til gode. Ein med pengar, status, godt rykte osv., og som er kurdisk.
Eg trur da dei kurdiske mennene i denne boka er skeptiske til norske menn fordi dei har eit annleis verdsbilde enn da mange norske menn har, og det byr opp te missforståingar og utryggleik. Eg trur det er slik fordi dei har eit heilt anna opphav, og er vandt til ein heilt anna kultur enn den norske kulturen. Dei har ofte opplevd mange vonde og grusamme hendingar på grunn av krig, flukt osv., og har kanskje derfor vanskelig for å stole på folk frå andre kulturar spesielt, men også folk generelt som er annleis enn dei sjølv. Det er nok slik fordi, som sagt, dei er vandt til at andre menneske vil dei vondt, dei er vandt til berre å stole på seg sjølv, og sine eigne og familiens verdiar.
Ein viktig verdi for kurdarane er altså familien. Dei setter familien høyst av alt, og for å forsvare familiens ære er det viktig å sørgje for at dei involvere seg med bra menneske. På grunn av frykta for det ukjente og «farlege» sørgjer dei derfor for i detta tilfelle at døtrene gifter seg med kurdiske menn, fordi dei veit korleis dei ter seg i motsetning til nordmenn.
Dei kurdiske mennene meiner altså at deira kurdiske verdiar er «betre» enn dei norske verkar det som, for deira eigne kurdiske verdiar er «dei rette», fordi det er desse de kjenner og desse de finner tryggleik i. Det er også eit veldig stort skilje mellom den vestlege kulturen som ikkje inneheld like mange retningslinjer og reglar, som kulturen i mange av midtøst-landa gjer. Der er det ofte mykje meir religiøst, og man held mykje sterkare på verdiane sine i forhold til religion, enn her. Og dette trur eg kan verke skremmande på dei kurdiske mennene, altså at folk ikkje lever like strengt og at samfunnet ikkje er like strenge på verdiane sine som dei er vane ved.
Eg syns at du har gjort ein god jobb med oppgåva. Du har gått inn i romanen og beskreiv veldig mykje detaljer i den. Det syns eg er fantastisk og interessant å lese på. Ein riktig god og ryddig tekst. Fortsett med det!
SvarSlettDu har gjort ein veldig bra jobb med denne teksten, eg like kva du har gjort med å fortelje om kulturane. Fortesett med det!
SvarSlettInteressant at du meine kurdiske menn kjenner seg utrygge uten mange retningslinjar i samfunnet. Kan du skrive meir om dette? Du må jobbe meir med nynorsken. Det heitar til dømes utryggleik og ikkje utryggheit. Det er nokre skreivefeil du må rette opp.
SvarSlett